Dømt for fildeling
For første gong er ein nordmann dømt for fildeling. 36-åringen dreiv ein fildelingstenar i Netcoms lokaler, og må no fullføre 120 timar samfunnsteneste.

36-åringen frå Oppdal vart av Oslo Tingrett i går dømt til 120 timars samfunnsteneste. Dette er første gong nokon har vorte dømt for fildeling i Noreg.
Fildelingstenaren som han dreiv frå Netcoms lokale, skal ha servert filmar og musikk til minst 300 personar samstundes, heiter det i dommen. 36-åringen handla med forsett, og vart difor dømt for brot på åndsverkslova, ifølge NTB.
I dommen seier tingretten at mannen vart fullt klar over kva som skjedde, og at han difor òg visste at det var ulovleg.
Kjelde: NTB/Aftenposten